LØPLABBETs gode tips
mandag 29. mai 2017 21:34

Gulars nasjonale løperstjerne Eli Anne Dvergsdal vant i 2015 med tiden 9:53, 3.beste tid gjennom tidene. Hun er også en av Løplabbets eksperter som kan hjelpe deg med å finne riktig utstyr til motbakkeløp. For Stoltzen har Eli Anne gitt oss følgende utfyllende råd. Ta deg tid til å bli kjent med produktene hun tipser om.

Løypebeskrivelse

Traseen strekker seg over 840 meter, med ein stigning på 300 høgdemeter, noko som gjev ein gjennomsnittleg stigningsprosent på 35,8. Løypa startar i Fjellveien, og starten har ganske slak stigning, medan brattheten aukar stadig utover løpet. Den bratte løypa består stort sett av trapper, med enkelte korte, litt flatare parti innimellom. Underlaget er hovudsakleg stein, medan ein mot slutten også passerer nokre avsatsar med trappetrinn av tre. Det siste partiet har igjen underlag av stein og sti, før ein passerer målstreken på tre-platningen på Sandviksfjellet, 367moh.

 

Skoanbefalinger

Når ein skal delta i Stoltzekleiven opp bør ein tenke gjennom kva sko ein har på seg. Det kan vere greitt å velge ein sko med godt grep i solen, spesielt på dagar med regn, då det kan bli glatt i løypa. I terrenget treng ein ikkje like mykje demping i skoen som på asfalt. Det anbefalast å velge ein terrengsko med lav vekt, og med godt grep, gjerne med gummi-sole. Vi har alle ulike føtar, og der er mange gode alternativ på marknaden. Prøv gjerne fleire av dei anbefalte modellane, og finn den som sit best på din fot.

Anbefalte sko til Stoltzen:

-          VJ Irock https://www.loplabbet.no/vj-irock-2-sort-oransje-unisex-20

-          Inov X-Talon 200 https://www.loplabbet.no/inov-8-x-talon-200-bla-oransje-unisex

-          Inov X Talon 225 https://www.loplabbet.no/inov-8-x-talon-225-rod-svart-unisex

-          Salomon S-lab Speed https://www.loplabbet.no/salomon-s-lab-speed-svart-rod-unisex-20

  

 

NB! Som deltakar får du 25 % på alle sko frå Inovate, samt klede frå Devold og Falke, når du handlar på Löplabbet Bergen mellom 30. mai og 4. juni (husk å vise nyheitsbrevet i kassa).

 

Tips til kler under opptreninga

Alt etter korleis temperaturen er ute, anbefalast det å nytte kort eller lang tights eller teknisk bukse/ shorts. CWX’s sine korte og lange tightsar er både lette, komfortable og har i tillegg kompresjon og støtte som kan bidra til auka blodgjennomstrømming.  Ein blir raskt varm og gjerne litt sveitt på beina, og det er då ein fordel å bruke tekniske løpesokkar med god fuktighetstransportering, og for å unngå gnagsår og ubehag som Falke sine RU5 eller wright sokk. Ønsker du hjelp til blodsirkulasjon i leggane for optimal prestasjon, eller grunna stivhet eller skade i leggar, kan CEP Pro-sokkar vere eit godt valg. Undervegs i konkurransen er det gunstig at ikkje noko gnager eller plager, og det er lurt å ha sportsundertøy som sit godt, støttar, og er sømløst. For kvinner anbefalast Knixwear thong underdel og Shock Absorber sports bh , medan Comfyballs long performance er ein anbefaling for den mannlige løparen.  På varme dagar er det nok med t-skjorte eller singlet i teknisk tøy som ikkje blir våt og tung når du blir svett. Er det litt kjølig, kan det vere greit å ha på seg langarma superundertøy. Ei lett treningsjakke er god å ha på seg på kjølige dagar, og kan alltid vere god å ha når du kjem på toppen. På dei kaldaste dagane kan det vere godt å ha eit panneband som varmar på øyrene, ein buff rundt halsen og eit par tynne hanskar.

  

(Løper med Shock Absorber sports bh) 

 

Tips til konkurransetøy

Sidan det er relativt kortvarig og intenst, treng ein ikkje ha på seg veldig mykje kle under sjølve løpet. Løpet går i slutten av september, og været kan variere veldig, frå ein middels varm seinsommar-temperatur, til kjølig haust-luft. Kva tøy ein velger på konkurransedagen, må vurderast ut i frå vær/ temperatur. I tillegg kjem det an på kva form du er i, og kor lang tid du ser for deg å bruke. Rekordjagarane som spring på under 12 minutt, vil gjerne velge å ha minst og lettast mulig tøy, og velger gjerne korte tekniske løpesokkar eller CEP kompresjonsstrømper, teknisk undertøy, ein kort og lett shorts, singlet, og for kvinnene også ein støttande sports-bh. Dersom du veit at du kjem til å bruke litt lenger tid, eller skal gjennomføre i eit roligare tempo, anbefalast det å kle på litt meir.

Eit godt tips til sistnemnte gruppe er Devolds splitter nye kolleksjon ‘Running’. Med 70 % merinoull og 30 % tencel (miljøvennleg tekstilmateriale utvunne frå cellulose frå bærekraftig skogsdrift) er plaggene overlegne på temperaturregulering og fukttransport. Kolleksjonen er designa for å gje god bevegelegheit, og den lave vekta gjer treningsklea lette og luftige. 

Eit anna merke vi anbefaler er tyske Falke, som er kjend for sine pustande og hurtigtørkande trøyer i komfortable materialblandingar .

NB! Som deltakar får du 25 % på alle sko frå Inovate, samt klede frå Devold og Falke, når du handlar på Löplabbet Bergen mellom 30.mai og 4.juni (husk å vise nyheitsbrevet i kassa).

 

Lykke til!

-Eli Anne Dvergsdal

 

Bilde av løpere med Devolds nye ullkolleksjon "Running":

 

 

 

StoltzeBilder

 I 2016 ble det nesten 20.000 bilder av våre tøffe Stoltze-løpere. Hvorfor ikke ta vare på minnene med et bilde, et lerret eller en kopp?

Stoltzekleiven Opp 2017

Stoltzekleiven Opp 2017 vil gå fredag 29. og lørdag 30. september. Påmeldingen åpner i april/mai.

#stoltzen på Instagram

SMS Treningslogg

23/9Ken Martin Wigand16.33
23/9Eirik Solheim14.12
23/9Terje Thorkildsen21.23
23/9Jon Harald Leknes12.47
23/9Ina Aas14.19
22/9Terje Thorkildsen21.32
22/9Svein Austrheim18.31
Se mer av loggen

Se også Bedriftskonkurransen - sprekeste StoltzeBedrift

I sommersesongen trekker vi ukentlig premier fra alle som benytter enten SMS Treningsloggen eller loggboken på toppen av Stoltzen. Les mer her.

StormGeo gir deg været i Stoltzen

Skoleløpene i Stoltzen

Varegg arrangerer årlig skoleløp i Stoltzen for rundt 2000 elever i regi av Varegg sitt Storbyprosjekt, som støttes av FYSAK enheten i Bergen Kommune. Vi inviterer de sentrumsnære skolene, og klassikeren "Rotteræset" (Rothaugen ungdomsskole) er prosjektets høydepunkt. Booking av skoler til årets skoleløp foregår i april/mai. Interesserte skoler bes ta kontakt via e-post: skolelop@stoltzen.no.

Samarbeidspartnere

StoltzeLauget

stoltzelaug sponsor_15_06_15

 

 

 
 
lplabbet logo_190px 
 
abb-188

 

 

Arenareklame

 

TV2 sumo_130

 

tannlege-rogne

 

 

ForsyningsLauget

forsynings sponsorer_010614

 

 AfterStoltz 

 

Vi er alltid på jakt etter nye samarbeidspartnere. Ta kontakt med oss på e-post StoltzeSponsor@gmail.com eller på telefon: Carl Eilert Macody Lund (924 45 531) - Owen Westergård (906 15 850)